Designe kajakk
Når ein skal designe sin eigen kajakk frå grunnen av, må ein først tenke gjennom ulike grunnleggande - ofte motstridande - omsyn. Deretter er det tid for fintuning når det gjeld stabilitet og fart.
Grunnleggande omsyn
Lastekapasitet
Det første er korleis du skal bruke kajakken. Dersom du er huga på lengre turar med overnatting i telt - den stadige draumen for oss i Tjelmeland Kajakk - så er det ein føremon med romsleg med lastekapasitet. Det går an å laste mykje på dekket, men det er noko ufjelgt og hevar tyngdepunktet og minkar dermed stabiliteten. Det staselegaste er å ferdast med reine dekkflater. Dersom du tenker å bruke kajakken bare til dagsturar, treng du ikkje ta omsyn til lastekapasiteten.
Lengd
Ofte betyr ikkje lengda i seg sjølv så mykje, men den kan ha stor betydning dersom det er knapt med plass der du lagrar kajakken når han ikkje er i bruk. Vel du ein kajakk med stor lastekapasitet, får du også ein lengre kajakk, sjølv om ein brei kajakk for stabilitetens skuld også fører med seg auka lastekapasitet. Dersom du ser for deg ein tevlingskajakk, er den maksimale lengda 5.20 m.
Høgd
Det er ei ulempe med ein for høg kajakk, det hemmar åreisettet og padlinga. Men ein låg kajakk vil ha dårlegare sluttstabilitet fordi den maksimale utbygginga vil kome under vatn.
Vekt
Vekta betyr lite når kajakken først er komen på sjøen. Men den skal gjerne løftast opp på eit biltak, og er du gammal og skrøpeleg som oss i Tjelmeland Kajakk, så er du huga på ein så lett kajakk som mogleg. Ein stripebygd kajakk med 4 mm skrogtjukne og eitt lag glasfiber på kvar side vil vere lettare enn ein lik kajakk bygd i glasfiber.
Fart og stabilitet
Ein kajakkleverandør som fortel deg om kajakkar som er både stabile og raske snakkar ikkje sant. Det er ein motsetnad her som vi ikkje kjem utanom og ein må velge kva som skal prioriterast. Både framdriftsmotstand og stabilitet er avhengige av kor mykje kajakken er lasta. Initialstabiliteten avgjer kor ustødig kajakken virkar når du sit roleg i han og utan at det er bølger. Den er viktig om du skal lene deg tilbake og ta deg ein kopp kaffi. Sluttstabiliteten er kor stor opprettingsmoment det er når kajakken er kraftig kanta, og vil bety noko for om du veltar eller ikkje når du i byrjinga er ein urøynd padlar. Men ein høg sluttstabilitet gjer jo og at tversbølger får større tak i kajakken. Er du ein urøynd padlar og ferdast i moderat sjø, vil du ynskje høg sluttstabilitet. Er du røynd og har utvikla god tame, er sluttstabiliteten mindre viktig og du kan prioritere mindre framdriftsmotstand. Vi leverer stabilitetskurver for alle modellane våre, og det kan vere nyttig å samanlikne desse med andre kajakker, om data skulle finnast. Det beste er å prøve ulike kajakkar der ein kjenner stabilitetskurvene før ein bestemmer seg for kva stabilitet ein ynskjer.
Retningsstabilitet
Er du på ein dagstur der hovudfokuset er framdrift, har du nytte av ein retningsstabil kajakk. Men er det mykje manøvrering i trange farvatn, vil du ynskje at kajakken er mest mogleg svingbar. Ein kajakk med rett kjølline er meir retningsstabil (eller har større motstand mot retningsendring om ein vil) enn ein kajakk med boga kjølline, anten retningsendringa skjer ved hjelp av ror eller ved hjelp av kanting av kajakken.
Oppførsel i bølger
Dette er ikkje noko vi i Tjelmeland Kajakk veit mykje om, sidan vi helst ferdast i roleg sjø og søker mot land når det kvitnar over bølgetoppane. Er du merksam på sjøane skulle ikkje tversbølger vere eit stort problem, du sit med lause hofter, så og seie, og let bølga rulle under deg utan at overkroppen fylgjer med i bølgerørsla. Men bølger i mot kan føre til at kajakken daskar mot sjøane. Opplever du det som ufjelgt, kan du ynskje deg ein kajakk som er konkav i stamnane og dermed skjer gjennom bølgene lettare. Men det aukar framdriftsmotstanden.
Fintuning av stabilitet og framdriftsmotstand
Når du har tenkt gjennom momenta over, må du utforme føringar på korleis konstruksjonen skal vere. Føringane må talfestast og vi kan då konstruere den kajakken som har minst mogleg framdriftsmotstand og samstundes stettar føringane. Då får du ein kajakk du er nøgd med.
Vi har utvikla ei løysing der du kan designe kajakken sjølv.. Føresetnaden er at du installerer gratisprogrammet CDF Player frå Wolfram. Det vil nok gå litt tid før denne løysinga er robust og feilfri, men det kan jo vere hugnadssamt og inspirerande å prøve seg. Medan du arbeider med dette, kan det vere nyttig å sjå på nyttige tips vi har kome fram til ved å bruke dette programmet til å utvikle kajakken Hjeltholmen.