Forbetre ein eksisterande kajakk
Dei fleste kajakkar kan forbetrast i ein retning, utan at det treng gå ut over eigenskapane i ein annan retning. Til dømes kan små modifikasjonar av skrogforma gje ein raskare kajakk utan at det går ut over stabiliteten. Dersom det eksisterer gode nok målingar av ein eksisterande kajakk, kan parametrane i vår modell tilpassast slik at skroget vert gjenskapa med god tilnærming. Då har vi metodar for parameterendringar slik at kajakken kan få betre stabilitet, større fart eller meir lastekapasitet utan at det går utover andre eigenskapar. Her er vi litt usikre når det gjeld oppførselen i motsjå, men ved å behalde skrogforma nær stamnane, skulle ikkje den endre seg nemnande.
Vi har gjort dette ved å måle opp manuelt for to kajakkar, der vi fann så og seie inga forbetring på Sibir Expedition, men ei merkande forbetring når det gjeld fart av Bjørn Thomassons Havsracer.
Vi vil kjøpe inn ein dugande 3D-scanner for betre å fylgje opp denne lina av arbeidet, men først må vi få Turøy på sjøen.
Dersom du har gode teikningar av ein kajakk du ynskjer å forbetre, eller gode målingar, kan vi gjere denne jobben for deg.Dersom ikkje, må du vente til vi har kjøpt inn og testa 3D-scanneren.