Fotstøtte
Dei fleste turkajakkar styrer ein ved at føtene ligg an mot skinner i sida av kajakken, slik at skilnaden i trykk frå foten på babord og styrbord side får kajakken til å svinge. Vi likar ikkje dette. Våre modellar som er laga innomhus vil bli utstyrte med ei fast fotstøtte. Det vil kjennast monaleg betre, spesielt dersom ein tek i litt med åra.
Fotstøtte vert montert på 3D-printa plattformer som er tilpassa kajakken og limte fast. Desse er utstyrte med hol for feste av skruer til å feste resten av fotstøtta. Sjølve fotstøtta er ei skråstilt plate festa til ei horisontal monteringsplate.
Figuren nedanfor viser korleis dette er rigga, tilpassa kajakken Turøy. Monteringsplata vert festa med vriknastar (ikkje viste), somogså vert 3D-printa. Resten av utstyret vert skore ut i kryssfiner. Førebels tenker vi oss 18 mm tjukne, men vil vurdere om vi kan gå ned i 9 mm.
Fotstøtta som er vist her, kan justerast eitt trinn bakover og to trinn framover.
Koplinga til roret skjer gjennom ein styrepinne øvst på fotstøtta (førebels ikkje vist). Her har vi teke inspirasjon frå turkajakken Sibir Expedition, som er blitt grundig testa i omgjevnaden.
Dersom du som stripebyggar ynskjer å prøve denne løysinga på ein modell som ikkje er designa av oss, må vi på eitt eller anna vis få målt opp kajakken i området rundt fotstøtte. Det kan vi kome tilbake til.
På figuren nedanfor har vi vist fotstøtta innmontert i Turøy. Figuren er roterbar, men kanskje noko vanskeleg å lese sidan programmet tek bort og legg til delar av skroget ettersom ein roterer figuren. Vi vil sjå på om vi kan forbetre den.