Hjeltholmen

Hjeltholmen

Hjeltholmen er laga etter modell frå Kjeungskjær, men er gjort litt lengre. Breidda er den same, men den er smalare enn Sleipner (sjå omtalen avKjeungskjær). Den viktigaste skilnaden er et kjølvinkelen er gjort mindre, Hjeltholmen er flatbotna på midten. Stamnane er gjorde slankare, spesielt baugen.

Figuren nedanfor viser eit riss av midtplanet på langs av kajakken. Legg merke til den lange rette kjøllina som gjer kajakken retningsstabil, men også mindre manøvrerbar.

hjeltholmen_1.gif

Figuren nedanfor viser dekkrisset. Lukeopningane er dimensjonerte etter luker frå KayakSport. Dersom ein ynskjer meir fleksibilitet i lukestorleik, kan våre eigne løysingar brukast.

hjeltholmen_2.gif

Figuren nedanfor viser tverrsnitt med lik avstand. Til venstre framanfor midten til høgre aktanfor midten. Legg merke til at kajakken er konveks overalt.

hjeltholmen_3.gif

Tabellen nedanfor gjev dei sentrale måla:

Lengd 5.5 Meter
Maksimal breidd 55 Cm
Maksimal breidd sitjerom 34 Cm
Høgd fremst i sitjerom 35 Cm
Volum av lasterom framme og bak 364 Liter

Fihuren nedanfor viser ein 3D-modell av kajakken.

hjeltholmen_4.gif

Figuren nedanfor viser stabiliteten til den stripebygde Hjeltholmen, rekna som opprettingsmoment som funksjon av kantingsvinkel. Denne kan vere nyttig å samanlikne med andre kajakkar, om data skulle finnast.

Graphics:Opprettingsmoment for kajakken Hjeltholmen for ulik nyttelast (kg) frå 0 to 100. Vekt av padlar 79 kg

Figuren nedanfor viser den midterste seksjonen ved maksimal kanting, stripebygd versjon. Vi ser at sluttstabiliteten kunne forbetrast ved å gjere kajakken høgare.

hjeltholmen_6.gif

Figuren nedanfor viser motstandskurver for stripebygd Hjeltholmen.

hjeltholmen_7.gif

Created with the Wolfram Language