Kajakkars motstand i vatnet
I roleg turfart betyr kanskje ikkje motstanden i vatnet så mykje, spesielt dersom du har god tid og vegen er målet. Men dreg du litt til på åra eller kanskje vil kome fram til leirplassen ein halvtime før, er låg framdriftsmotstand av det gode. Og skulle du ta deg ein treningstur, ville det vere ovkjekt om det vart god fart ut av det. For ein konkurransepadlar er framdriftsmotstanden alt det dreier seg om.
Det at vi brukar ein parametrisk modell for skroget, gjer at det er enkelt å ta i bruk ein ekstern modell for motstanden i vatnet. Vi har valt programmet Flotilla, utvikla av Leo Lazauskas ved universitetet i Adelaide. Dette programmet har vore brukt, mellom anna, til å utvikle olympiske sprint-kajakkar. Dessverre er den tilhøyrande heimesida lagt ned og for alt vi veit kan Lazauskas ha lagt inn årene for godt. Men programmet er godt dokumentert og lever vidare av seg sjølv.
Flotilla baserer seg på tynnskipsteori, dvs. matematiske likningar vert løyste eksakt ved å anta at breidda er mykje mindre enn lengda. Alternativet er å løyse problemet frå first principles, ved å løyse Navier-Stokes likningar numerisk. Vi har byrja å sjå på dette innomhus, men on vi kjem i mål er ikkje godt å vite.