Sidevegs stabilitet

Stabilitet er i utgangspunktet eit gode, vi kjenner oss meir trygge i ein stabil kajakk. Men høg stabilitet heng saman med høg framdriftsmotstand. Med trening vert ikkje stabiliteten så viktig, og ein lågare sluttstabilitet gjer at ein overraskande brottsjø ikkje kvelvar kajakken så lett.

Figuren nedanfor viser kajakken Turøy kanta til maksimalt opprettingsmoment. Tyngdepunktet (kajakk, padlar og 50 kg last) er vist i raudt og oppdriftspunktet er vist i blått for eit tverrsnitt midtskips. Vasslina er markert med ein horisontal strek. Tverrsnitt nær stamnane vil ta seg annleis ut, og kan bidra til negativ stabilitet om kjøllina er løfta mot stamnane.

stabilitet_1.gif

Figuren er noko misvisande fordi tyngdepunktet og oppdriftspunktet er rekna ut for heile kajakken.

I praksis vil padlaren lene seg til sida og dermed auke opprettingsmomentet.

Created with the Wolfram Language