Stripebygging
Ved stripebygging legg ein langsgåande trestriper over tverrskips-spant. Både på utsida og innsida vert det lagt glassfiberduk med epoxy, såkalla kaldbaking. Spanta vert ikkje ein del av kajakken. Metoden gjer at ein kan realisere kva kajakkform det skal vere. Den er godt eigna for sjølvbyggarar, og for dei med estetisk sans kan det skapast overmåte vakre kajakkar. Ein kan gjerne ta ein tur innom heimesida til Bjørn Thomasson. Den er djupt rotfest i skandinavisk kajakkultur og ein fantastisk ressurs for stripebyggarar. Thomasson er også konstruktøren bak ei rekke kajakkmodellar levert av SeaBird.
Nokre ihuga stripebyggarar kan også finne inspirasjon i boatdesign.net, som er ein meir generell ressurs. Det var her Flotilla vart lansert.
Stripebygging har mange føremoner: Du får ein kajakk som kan passe deg betre enn nokon av dei du kan få kjøpt, og til mindre kostnad. Ein stripebygd kajakk kan også vere enkel å reparere når du er på tur, litt epoxy og litt glasfiberduk fiksar det meste av skader på skroget. Ein stripebygd kajakk er også lettare enn ein tilsvarande kajakk i glasfiber eller plast. Om du er utolmodig er ulempen byggetida, som Thomasson oppgjev til 100-150 timar. Men det kan vere gjevande arbeid. Vår metode med prefabrikerte striper vil redusere byggetida monaleg. Men vi treng meir røynsle før vi kan talfeste dette sikkert.
Ulike måtar å realisere ein stripebygd kajakk på
Først vil vi nemne at det er to andre hendige framgangsmåtar for sjølvbyggarar. Den eine er å legge seilduk (eller tilsvarande material) utanpå eit skal av langsgåande striper på trespant og male det tett. Det var ein vanleg framgangsmåte tidlegare og er enno levande. Etter at seilduken rotna har vi restaurert ein slik kajakk med glasfiberduk og epoxy. Den andre er kalla "stitch-and-glue" og består i å sy saman 4 mm kryssfinerdelar med kopartråd og forsterke med glasfiberduk og epoxy. Vi har tidlegare bygd to slike farkostar (ikkje eigen design). Det er lettvint og raskt, men avgrensar litt kva former ein kan realisere, og det vil alltid vere ein eller fleire såkalla "hard chine" - markante langsgåande kantar. Vi skal vurdere å utvikle kajakkmodellar også for denne byggemetoden.
Dersom du er heilt ny når det gjeld kajakkbygging og kajakkpadling og ikkje har bestemte meiningar om eigenskapane til din nye kajakk, rår vi deg til å bygge ein av Thomasson sine modellar. Dersom du ikkje er dregen mot stripebygging kan du likså gjerne kjøpe ein rimeleg kajakk frå til dømes SeaBird for å få røynsle før du gjer deg kjend i vidare delar av padleverda.
Skulle du likevel ynskje å gå laus på stripebygging, kan du få assistanse frå oss på ulike trinn i prosessen.
Mål, teikningar eller dxf-filer for seksjonane
Første bod er tverrprofilar utskorne i kryssfiner. Desse kan monterast på ein langsgåande planke og stripene vert lagde utanpå. Du kan gjerne feste dei med stiftepistol og ta ut stiftene etter at du til dømes har limt sman med tversgåande glasfiberband. Du kan skjere ut profilane sjølv. Du kan få mål av oss, spm du kan setje ut direkte på kryssfinerplata. Eller vi kan levere dxf-filer og du kan få skore profilane ut på ein treverkstad nær deg som har CNC-fres. Vi kan ogse skjere ut for deg, skulle du ynskje det.
Byggejigg
Vi har utvikla ein byggejigg som vi brukar når vi lagar prototyper av eigne modellar. Den fungerer godt for oss, så vi slepp ein del monteringsarbeid før vi startar bygginga. Vi finn det praktisk å leggje stripene til skroget på innsida av profilane, men profilane kan jo også skjerast slik at du kan leggje dei på utsida. Stripene til dekket legg vi på utsida av profilane.
Nedanfor er vist utskjering av byggejigg til venstre og ein modell av jiggen med ytre og indre profilar til høgre.
Fedig utskorne striper
Tanken er å at skjere ut stripene på førehand og leggje dei på plass inne i profilane vil spare mykje tid. Stripene vert skorne ut i varierande breidd i flate område vert stripene breiare. Vi har førebels bare gjort det for skroget til Turøy. Problemet er først og fremst at nær endane har dei lett for å brekke under skjeringa. Det lagar meirarbeid. Vi vil prøve legge om programmet slik at endane ikkje vert så spisse. Vi vil også prøve å skjere ut med laser, det burde hjelpe monaleg. Førebels er dette teknologi under utvikling.
Sjølv om vi har stort val når det gjeld tresortar, vil nok ikkje denne metoden gje ein så vakker kajakk som når ein bygger (med omhu) med like breie striper og blandar ulike tresortar. Men det gjenstår å sjå.