Byggemetode

Byggemetode

Den klassiske byggemetoden for sjølvbyggarar har vore å trekke seilduk på trespant og male det tett. Seinare kom det til to nye metodar: Stripebygging og Stitch-And-Glue. Desse vert nytta av oss.

Stripebygging

Ein legg langsgåande striper på profilar og dekker med glasfiberduk og epoxy. Stripene kan vere til dømes 4 cm breie. Dette er arbeidskrevjande, men ingen annan metode kan gje så vakkert resultat. Med denne metoden er det også ingen avgrensingar i kva kajakkformer som kan realiserast. Våre metodar kan lette arbeidet og redusere byggetida.

Stitch-And-Glue

Denne teknikken går ut på å bygge kajakken av større plater i kryssfiner som vert festa saman og sidan styrka med glasfiber og epoxy. Samanfestinga vart tidlegare gjort ved å bore små hull og sy med kopartråd, derav namnet. No er det meir vanleg å bruke strips. Vi vil i hovudsak bruke denne teknikken for å få nye modellar raskt på vatnet for testing sidan den er overlegen når det gjeld å spare arbeidstid. Når vi sel ut våre eigne modellar vil det vere med glasfibervev i saumane og med bruk av marint kryssfiner. Vi kan også leggje glasfibervev på heile kajakken. Vi sparar også arbeidet og kostnadene med ein byggejigg.

Vi designar kajakkane som om dei skulle byggast med stripemetoden, og deretter deler vi den opp i eit mindre antal plater der det vert teke omsyn til at platene kan bøyast bare ein veg. Resultatet er eit lite avvik i eigenskapar frå stripeversjonen. Stabiliteten vert litt mindre på grunn av at oppdelinga, fører til tap av volum, men det vert til ein viss grad kompensert ved at ytterflata vert liggjande ei platetjukne lenger ut. Fatspotensialet aukar litt på grunn av det vert ein liten kjølvinkel på modellar som har flat botn på midten. Men skilnadane er små sidan metoden for oppdeling tar omsyn til at tapet av volum skal vere så lite som mogleg.

Den metoden vi brukar virkar førebels ikkje godt på konkave skrogflater, men slike flater bryt med den turkajakk-filosofien via har lagt oss på, så vi ventar med stitch-and-glue variantar av brit-style kajakkar.

Figuren viser korleis oppdelinga i plater vart for modellen Turøy (dekket er ikkje vist). Oppdelinga er ikkje eintydig, ein kan konstruere kajakken med både færre og fleire plater. Platene er ikkje plane, men bøygde bare ein veg.

byggemetode_1.gif

byggemetode_2.gif

Skjering av dekkspanel for Turøy.

Created with the Wolfram Language