Kompetanse i Tjelmeland Kajakk
Tjelmeland Kajakk består stort sett av ein person, Sigurd Tjelmeland. Likevel vert det stort sett brukt "vi" sidan det er kompetanse i omgjevnaden, både når det gjeld turpadling over lange avstandar, IT og bruk av numerisk styrte maskinar. Eit samarbeid med firmaene Tjelmeland Friksjon og Arkyda er sentralt i arbeidet.
Det meste som står på denne sida er skildra i meir detalj andre stader på desse websidene. Poenget her er å gje ei nøktern vurdering av vår eigen kompetanse og tame når det gjeld dei ulike sidene av å designe og bygge stripekajakkar.
Ein ressurs for kajakknerdar
Det er interessa for stripebygging av kajakkar som driv arbeidet. Det er ikkje mange som lagar sine eigne kajakkar lenger sidan ein får kjøpt gode kajakkar for nær sagt alle behov utan at det kostar skjorta. Slik vi ser det, er stripebyggarar personar som ynskjer seg ein personleg og vakker kajakk og som trivst med arbeidet som skal til. Det er ikkje mange. Men vi vender oss til ei endå mindre gruppe av kajakknerdar: Dei som har ei meining om kva eugenskapar kajakken skal ha utover det ein får opplyst i butikken. Det kan vere ein alt har padla ei stund og til dømes ynskjer ein raskare kajakk eller ein kajakk med meir lasterom.
Motstand og stabilitet
Motstanden i sjøen og kajakkens stabilitet er overmåte sentrale eigenskapar og vi sluttar aldri å forundre oss over at leverandørane ikkje greier å gje objektive mål for desse objektive eigenskapane. Det gjer dte vanskeleg for ein som har padla ei stund å velge sin nye kajakk, i fall det er noko ein kunne ynskje betre. Ofte ser ein at leverandørar lovar kajakkar som både er stabile og raske. Då snakkar dei usant, desse eigenskapane står i direkte motstrid til einannan.
Vi designar kajakkar ut frå ein parametrisk modell av skroget. Det legg grunnlaget for at vi under designprosessen kan rekne ut både motstand og stabilitet og formgje kajakken i den retning vi ynskjer. Det er i dette at vår største kompetanse ligg.
Design av nye kajakkar
Dei kajakkane vi til no har designa har vore med utgangspunkt i vår store pasjon: Overnattingsturar over lengre distansar i kystlandskapet. Men vi har ikkje fått høve til å teste dei for denne bruken enno. I nokre tilfelle har vi målt opp kommersielle kajakkar og designa variantar av dei som er raskare for same stabilitet. Skulle du kjenne eigenskapane til ein kajakk og ynskje til dømes ein raskare kajakk for same stabilitet, reknar vi at vi har kompetanse til å design ein slik. Sjå meir om dette andre stader på desse websidene.
Bygging av kajakkar
Vi er ikkje gode kajakkbyggarar. Vi har tidlegare bygd to stitch-and-glue kajakkar og restaurert ein kajakk opprinneleg bygd med lerretsduk over trespant med glasfiberduk og epoxy. Det funngerte fint. Deretter har vi bygd ein turkajakk (Kjeungskjær) og ein fartskajakk (Misje). No bygger vi ein barnekajakk (Turøy), dette prosjektet har kvilt nokre år på grunn av annan type aktivitet. Får du bygd ein stripekajakk hos oss, er det på ingen måte sikkert at du får ein finare kajakk enn du kunne bygd sjølv.
Byggejigg og CNC-maskinering av profilar og delar
Vi har utvikla ein byggejigg som også kan brukast av andre. Vi vil utvikle den vidare ettersom vi vinn røynsler. Både jiggen, profilane (18 mm) og stripene (4 mm) vert skorne ut i kryssfiner med ein CNC-fres innomhus. Her er kompetansen god, men utstyret er førebels noko mangelfullt til å skjere stripene.
Kajakkdelar utanom skroget
Det er bare i utforminga av skroget (først og fremst under vasslina) at vi har særskilt kompetanse. Når det gjeld andre ting, som fotstøtte, luker, knestøtte og ror, er du nok best faren ved å kjøpe inn frå ein leverandør som til dømes KajakSport og montere sjølv. Vi vil likevel utvikle slike delar for våre eigne kajakkmodellar. Med tida vert dei kanskje gode nok og billege nok til at det lønar seg for deg å få dei frå oss.