Tjelmeland Kajakk

English, Engelsk versjon, gammal men med meir stoff.

Tjelmeland Kajakk

Tjelmeland Kajakk skapar kajakkar basert på ein parametrisk modell for skroget. Det gjer at vi kan rekne ut objektive mål for stabilitet og framdriftsmotstand, som vi nyttar til å finne den raskaste kajakken for ei gjeven lengd og ein gjeven stabilitet. Vi tek mål av oss til å vere ein ressurs for sjølvbyggarar og leverer frå teikningar til ferdige kajakkar for dei to dominerande byggemetodane.

Vår styrke er analyser av skrogformer og tilpassing av kajakkar til ulike ynskjemål. Vår svakhet er sjølve bygginga. Vi har bygd bare eit fåtal kajakkar førebels, og det er lite røynsle i å samanlikne teoretiske eigenskapar med kajakkens ferd i sjøen. Sjå status for verksemda vår.


Vår kompetanse kan brukast til å assistere sjølvbyggarar på ulike måtar:

    Levere profilar (stripebygging) eller plater (stitch-and-glue)av våre eigne modellar på dxf-filer slik at dei kan skjerast ut av ein CNC-maskin nær deg.
    Vi kan samarbeide om modifikasjonar før vi sender filene.
    Levere byggejigg, fysisk eller som dxf-filer
    Levere byggesett, byggejigg og striper eller plater, men utan glassfiberduk og epoxy.
    Designe din eigen kajakk ut frå ynskjemål når det gjeld storleik, stabilitet og framdriftsmotstand.
    Forbetre ein eksisterande kajakk ved å gje den mindre framdriftsmotstand for same stabilitet.

    Vi er ikkje framande for å bygge kajakken for deg, skulle du ikkje like å søle med epoxy og pussemaskin.

Er du interessert i noko av dette, ta kontakt: sigurdtjelm@gmail.com

TjelmelandKayak_1.gif

Det er dette vi likar: Å ferdast sutalaust i kystlandskapet.

Created with the Wolfram Language