Kajakkmodellar
I Tjelmeland Kajakk vert det designa og bygd kajakkar tilpassa ulike behov. Desse vert testa på sjøen og er utgangspunkt for vidare modifikasjonar. Dei vert og testa teoretisk for stabilitet og motstand i vatnet.
Vi har i utgangspunktet lagt oss på ei line som høver godt med vår hovudinteresse, som er å ferdast i kystlandskapet: Raske og retningsstabile kajakkar. Men våre design- og byggmetodar er også eigna for meir leikne kajakkar.
Dei modellane som til no er utvikla er:
Misje
Misje er ei lita øy i Øygarden kommune, med Norskehavet 20 minutt padling unna.
Kajakken Misje er designa først og fremst for fart (liten stabilitet) og er lenger enn dei fleste andre kajakkar. For ein øvd padlar skulle den også høve som turkajakk, då stabiliteten vert betre når den er lasta. Misje er låg, og dersom den vert bygd høgare, vil sluttstabiliteten auke.
Kjeungskjær
Kjeungskjær er eit fyr rett nord for innløpet til Trondheimsfjorden. Her padlar vi mykje om sommaren. Her likar vi oss godt. Kjeungskjær er ein rask langturkajakk for øvde padlarar.
Les meir om kajakken Kjeungskjær
Hjeltholmen
Kajakken Hjeltholmen er vårt neste prosjekt. Den er av omlag same lengd som Kjeungskjær, men er ikkje primært tenkt for overnattingsturar med mykje last. Vi har gjeve den meir stabilitet enn Kjeungskjær ved ein flatare botn rundt midten og gjort den meir leiken og manøvrrebar ved mindre konvekse sider nær stamnane og ved å løfte kjøllina nær stamnane meir.
Vi tek sikte på å produsere ein prototype i løpet av 2023.
Les meir om kajakken Hjeltholmen
Halten
Kajakken Halten er førebels ein fjern draum for oss, til liks med Halten fyr. Den skal vere ein tomannskajakk som er monaleg lettare enn andre, og dermed tene oss godt etter som vi vert skrøpelegare og strevar med å få dei noverande tomannskajakkane opp på biltaket. Den er ikkje bygd enno, men er ferdig prosjektert.
Turøy
Turøy er ei lita øy i Øygarden kommune, ytst ute.
Kajakken Turøy er utvikla for barn og små vaksne. Det er ein nedskalert versjon av Kjeungskjær. Bygginga av Turøy er nettopp teken oppatt etter at den i fleire år har lege brakk.
Sandholman
Sandholman er ein liten kajakk for barn frå 10 år. Sandholman er nokre paradisiske holmar ein halv times padletur ut frå norvestspissen av Ørlandet og ein høveleg draum for den første padleturen for eit barn ut i ope farvatn.